mandag 29. august 2011

Eg såg nesten ingenting i mørkre

Huff og huff, så vondt det var å lesa om Riktor. Eg likar å tru at alle er gode - at dei som ikkje er gode, er sjuke. Men i Karin Fossum si nye bok (som ikkje er ein krim sjølv om det er både drap og litt etterforsning) vert me kjende med Riktor, og han er ein vond mann. :(

Riktor er ein sjukepleiar midt i livet. Han jobbar på ein sjukeheim der han steller med dei sjuke og gamle. Utan skruplar plagar han dei. Han avskyr svake menneske og meiner derfor at han kan lugga og klypa dei med godt samvit. Medisinane deira skålar han ned i do og sprøyter set han rett i madrassa. Så lenge han ikkje vert oppdaga, meiner han dette er greitt.  Dei skal jo døy alikevel...
Han bur åleine og har ikkje slektningar eller vener. Han har aldri hatt ei kvinne og dette er kanskje det einaste han ikkje er nøgd med i livet sitt. Han drøymer om søster Anna som jobbar på same avdeling, og han trur at dei to kanskje kan få ei framtid i lag.
Riktor har stor grad av sjølvinnsikt. Han innrømmer lett for seg sjølv at han er "et råttent individ" og jobbar aktivt for at ingen skal oppdaga dei mørke sidene hans. Han lever dei ut, men passar på å skjule dei i kvardagen.  For å framstå som god og høflig,  "hermar" andre sin oppførsel. Han innser at han kjem til å vera ille ute den dagen han ikkje klarar å styre seg.  Og det skjer. Ein dag ser han ein bekjent stele nokre kroner frå lommeboka hans: Riktor slår han ihel med ein hammar utan å nøle....

Boka balanserar på ein egg, og eg må innrømma at eg beundrar Fossum som klarar denne kunsten. Språket er enkelt og svært lettlest, innhaldet er tungt og vondt.

Historien er ikkje spennande, likevel har den god framdrift. Eg ville vita korleis det kom til å gå. Eg ville at Riktor skulle bli straffa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar