torsdag 16. februar 2012

Bare venner, altså!

Eva Susso er ein populær forfattar i Sverige, og "Bare venner, altså!" er den tredje boka om veninnene Nisse, Diana og Maja. Serien heiter "Hemmeligheter og pinligheter".  Det er Maja som er hovudperson. Ho er kjærast med Kelly og ho elskar han. Det er berre det at han ikkje alltid støttar henne slik som ho ynskjer. Så kranglar dei. Så slår dei opp. Så blir dei kjærastar att.  Hadde det vore betre å gjort det slutt på ordentlig og berre vore vener i staden, kanskje?
Maja drøymer om å starta ein leseklubb, men det syns vennene hennar ikkje noko om. Skal ho våge?
Bare venner, altså! - Eva Susso Nina Aspen
Oj...
Eg har ikkje lese dei to førre bøkene om jentene i Bjällby, men dette var ALT for platt og ALT for enkelt, syns eg! Eg fekk kjensla av å lesa eigne stilar frå då eg var 10 år; "så gjorde vi ditt, så gjorde vi datt..." 


Eg håpar og ynskjer og trur at ungdomane våre ikkje er fullt så overflatiske?! 
Tema som kjærlighet, vennskap og det å finne seg sjølv i gjengen er superviktige å skriva ungdsomsbøker om, men eg syns at Eva Susso tek alt for lett på det...


Konklusjon: eg likte ikkje denne boka særleg godt!


MEN : 
-Den er faktisk svært lett å lesa, språket er enkelt og godt. 
-Tema er godt og typisk for jentebøker 9-13 år
-Den krev ikkje vidare tankeverksemd, rein avkopling!


Di meir eg tenker på det, di meir innser eg at dette sikkert er ei bok som barn (jenter) syns er kjekk, det er berre eg som er heilt for gammal! 


Er du jente mellom 9 og 13 år? Prøv boka sjølv!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar