fredag 13. april 2012

TYVENES BY


Eg vil gjerne fortelja om ei bok eg las i fjor. Den heiter "Tyvenes by"og gjorde eit vanvittig inntrykk på meg. Eg tenker ofte på den, og no håpar eg å gje nokon andre lyst å lesa den. Den er vel verd å bruka nokre timar på.
Forfattaren David Benioff, har eg ikkje høyrt om før.
Bøker frå andre verdenskrig har eg ikkje lese noko særleg av før.
Dette var med andre ord nytt stoff for meg.

Me er i Leningrad (St.Petersburg) i 1942 - midt i 2.verdskrig. Byen er hærteken av tyskarane. Me møter Lev og Kolja. Lev er 17 år og arrestert for å ha brote portforbodet og stole frå ein (død) tysk soldat. Kolja er dessertør, begge sit i ei celle og ventar på dødsstraffa si.
Men dei vert ikkje henretta. Dei får eit utruleg tilbod. Dersom dei klarar å skaffa 12 egg (som skal brukast i obersten si dotter si bryllaupskake!) innan 5 dagar, unngår dei straffa. Dei unge gutane tek fatt på ei oppgåve som visar seg å vera nesten umogeleg. Det er matmangel overalt og det er enormt kaldt.
Dette er opptakten til eit spennande og livsfarleg drama for Lev og den fandenivoldske Kolja. Lev er liten og spinkel og bekymra, Kolja er stor og sterk og har eit evig optimistisk livssyn. Eit artig team! Jakten på eit dusin egg, gir oss innblikk i korleis ein kan overleva på sveltegrensa i ein hærteken by....med død og kulde som kulissar.

Dette er ein annleis historisk roman. For det er ein historisk roman! Men fokuset er ikkje det tradisjonelle. Benioff set fokus på austeuropa og Russlands store offer under krigen.  Handlinga og miljøet er hardt og tragsik, men historien er  varm og proppa full med god humor. Det veks fram eit lunt venskap mellom Kolja og Lev. Opplevingane deira desse dagane (og kampen for å overleva) er skildra på ein spesiell måte som gjorde at eg ikkje ville legga boka frå meg (beklagar klisjeen, men slik var det!). Eg lo høgt mange gonger! Lev og Kolja er nokre utrulege karakterar.

Eit eventyr på liv og død - men eventyret er sant! Forteljinga er  skrive med  forfattaren sin bestefar sine opplevingar til grunn.

GOD BOK, folkens!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar