mandag 18. februar 2013

Der hvor roser aldri dør - Gunnar Staalesen

Bok nr 16 om Varg Veum? Eg trur det er det. Eg har ikkje lese alle. Men ein heil del
Eg likar så godt å lesa om Varg i Bergen. Som vestlending er det jo lett å kjenna seg att. Og språket er enkelt og artig, med humoristiske samanlikningar. Likar du krim, er dette eit godt val.
Det handlar om Mette-saken.  Mette vart borte frå sandkassen utanfor huset for 25 år sidan (!). Ho var tre år då ho sporlaust vart borte. Saka vart aldri oppklart og no  har mora kontakta (ein forfallen og fordrukken) privatetterforskar Varg Veum og bede han sjå nærare på saka. Kan noko ha blitt oversett den gongen? Kva skjedd eigentleg?
Varg spør og grev. Han oppsøkjer alle som kan tenkast å ha ein eller annan forbindelse til saka. Ein mann vart drepen i samband med eit ran for ikkje lenge sidan. Han viser seg å ha hatt noko med Mette-saka å gjera. Vår sorgtunge helt (Ja, han er so i sorg. Hans kjære Karin døydde jo i forrige bok...!), har plutseleg to mysterium å rota i. I kjent Veum-stil går han fram og trakkar glatt på nokre tær undervegs. Han vert truga på livet og me får ein passeleg dose action. Litt slosskamp og litt råkøyring. I tillegg får me vita om nokre slitt spesielle nyttårsleikar som familiane i nabolaget til Mette innførte for 25 år sidan. Desse leikane førte ikkje noko godt med seg...
I tillegg til å vera ein god krim, er dette ei bok som set lys på det som er alle foreldre sitt verste mareritt : at eit barn blir borte!
"Der hvor roser aldri dør", er eit godt val viss du vil lesa ei bok. Den er bra. Og Varg er kul. Og eg likar humoren
Les, min venn!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar