onsdag 27. februar 2013

Engel i Paris av Elin Husebø

No har eg lese ein lettlest roman for vaksne. Det var ei kjekk oppleving, men eg vart ikkje "blown away" eller no'
Engel i Paris handlar om Unge Alexander L. Kielland. Han er 29 år og eig og driv ein mursteinsfabrikk i Stavanger. Men han vil noko meir. Han lengtar ut i verda. Han vil bli forfattar.
So be it. Han diskuterer med kona Beate og ho syns at han må få lov til å reise. Til Paris. Endå om fabrikken går dårleg og økonomien snører ein stram knute for dei, reiser Alexander og Beate sit att heime med tre små barn.
Alexanders år i Paris er vakkert gjengitt i denne boka. han bur på ulike hotel og har møte med Camilla Collett og rett før han må reisa heim er han så heldig å bli venner med Bjørnstjerne Bjørnson! Dette var eit heldig samantreff, for på den måten vart han introdusert for ein forleggar som ville gje ut bøkene hans.
"Engel i Paris" har lette, korte setningar og er til tider ganske poetisk. Språket er enkelt, og det syns eg er ein kunst når ein skal skrive om noko så komplisert som Alexander Kielland. Han var jo (er han endå? neeeeei) ein av "dei fire store". 
Har du lyst (på ein enkel og grei måte) å setja deg inn i korleis Kielland sitt liv var før han vart kjendis? Les denne!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar