onsdag 20. februar 2013

Mirakel av R.J. Palacio

Har du lyst å lesa ei annleis bok? Føler du deg annleis enn andre? Har du  lyst til å lesa ei annleis bok om ein som er heilt heilt annleis enn alle andre du har "møtt"?
Les om August!
"Mirakel" handlar om August, som er 10-11 år. Han er fødd med ei misdanning i ansiktet. Det er på grunn av ein genfeil. Og det er tragisk.
Me får ikkje vita korleis Auggie (som han vert kalla) eigentleg ser ut, berre at han er svært annleis enn alle andre. Han omtalar segsjølv som eit misfoster på dårlege dagar. Uansett kva du ser for deg, er det verre, seier han.
Og det må det vera! For sjølv om me ikkje får vita korleis han ser ut, får me vita korleis folk reagerar når dei ser han. Med redsel, skrik, avsky, kvalme, panikk...
Stakkar Auggie!
Han har gjennomgått 27 operasjonar til no i sitt korte liv. Av den grunn har han ikkje gått på skule, men fått heimeundervisning.
No skal han byrje på ein vanleg skule. Han er livredd!
Men det trur eg nok både lærarane og medelevane hans er også....
WOW for ei bok!
Denne gav meg verkeleg mykje å tenka på. I "Mirakel" er det fleire forteljarstemmer. I tillegg til August, får storesyster og fleire venner fortelja korleis dei opplever det. Dette er verkeleg tøft. EI knalltøff bok! Men den er ikkje sentimental. Eg måtte ikkje gråta....eg måtte berre tenka!
Utsjånad HAR mykje å sei...eller?
LES! Les! Den er god og viktig! Sjølv om det er ei nokså tjukk bok, går det raskt å lesa den. Enkelt og greitt. LES, MIN VENN!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar